2001-spelarar til Talentsamling 2016

17.-20. juni er det samling for ca 150 jente- og gutespelarar frå Møre og Romsdal i sør til Helgeland i nord.

Amalie Sylte Gjerde, Helga Pedersen Lersveen og Uvakaran Segaran blir med på denne samlinga.

Det blir uttak på 14 spelarar (likt antal jenter og gutar) som skal til felles talentsamling i Skien i midten av august.

Vi ønsker dei lykke til i Orkanger.