Klubbhandbok

KJÆRE HANDBALLVENER !

Stranda Handball har i dag over 200 aktive spelarar frå 7 år. Vårt mål er å halde dette talet oppe og gi borna og ungdomen mange gleder ved handballsporten. Alt arbeid i handballgruppa er basert på frivillig arbeid. Styret i handballgruppa set stor pris på ditt engasjement enten det er som medlem i styret, trenar, oppmann, spelar, foreldre, supportar eller støttespelar (sponsor).
Med utgangspunkt i godt samarbeid og god støtte frå alle, ynskjer vi at våre born og unge skal oppleve Stranda Handball som eit fellesskap som gir rom for læring, meistring og gode opplevingar.

Formålet med klubbhandboka er at den skal vere eit hjelpemiddel for deg til å danne deg eit bilde av handballgruppa sine aktivitetar. Her finn du nyttig informasjon om visjon, verdigrunnlag, målsettingar, organisering, oppgåver og korleis vi jobbar for å nå målsettingane.

Vi har stort fokus på kompetanseutvikling og ynskjer å legge best mulig til rette for kvalitet i alle ledd.
Dersom du har forslag til endringar eller nye tiltak er du hjarteleg velkommen til å kome med forslag.
Med helsing frå styret