Visjon, verdigrunnlag og målsetjing

1. VISJON

Stranda IL Handball skal: – vere attraktiv og satsande – etablere seg som ein god klubb for alle

2. VERDIGRUNNLAG
Stranda Handball skal: – vere eit positivt og inkluderande fellesskap som gir rom for læring, meistring, begeistring og gjensidig respekt og gode opplevingar.

3. MÅLSETJING
Stranda Handball skal:
Gje eit sportsleg og sosialt treningstilbod tilpassa dei einskilde spelarane i alle årsklassar og på alle nivå
Utøve handballaktivitetar på høgast mogleg nivå, og gje utøvarane dei best moglege ferdigheiter med hovudvekt på humør, leik, trivsel, personleg vekst og auka sjølvkjensle

Utdanne eigne trenarar og dommarar
Ha ein velfungerande organisasjon med sunn og stabil økonomi.

Som grunnlag for den sportslege aktiviteten er det utarbeidd ein rammeplan – sjå vedlegg 8 i kapittel Informasjon